ANNONSE

ANNONSE

Egenannonse Mediasenteret
ANNONSE

Vi gratulerer Jorunn Valle

som vinner av skrivekonkurransen

 med sommerens søte novelle om den sjarmerende «Grisungen»

 

Grisungen

av Jorunn Valle

På garden til Ella og Asta hadde dei mange ulike dyr. Dei hadde kyr, kviger og nokre gonger små, nydelege kalvar. Så hadde dei sauar, og ein stor, brun og veldig snill hest som heitte Eldlyn Vesla, og som tidlegare hadde vore travhest på veddeløpsbaner. No levde ho eit roleg liv på garden. Den travlaste tida var i onnene om sommaren då ho hjelpte til med å dra høykjerra frå markene, over kjørebrua og til siloen på låven. Då fekk Ella og Asta rett som det var sitje på ryggen hennar ute på bøen. Og så hadde dei sjølvsagt ein katt. Det var Hannibal. Han var stor og raudspraglete, og var nesten alltid i fjøsen, der han fekk varm mjølk på eit lite fat kvar gong kyrne blei mjølka. Ikkje rart at han likte seg i fjøsen saman med dei godmodige kyrne, tenkte Asta då ho så ofte traff på han der. I tillegg til alle desse dyra, så pleide dei alltid å ha ein gris. Og denne historia skal handle om ein heilt spesiell grisunge som ein dag kom til garden.

           På ein annan gard i bygda blei det ei vårnatt fødd ein  grisunge. Ho (for det var ei lita grisepurke), var ei av ti små grisesøsken som blei fødd den natta. Rundt omkring henne på alle kantar stod det store, drøvtyggande kyr. Grisebingen var nemleg i samme rom som båsane til mjølkekyrne på garden, og slik hadde det seg at grisungen frå første andedrag blei vant til dei godmodige rauta, og den trygge, gode varmen dei fredelege dyra gav i frå seg. Dei stod der og tygga på foret sitt, både seint og tidleg. Grisungen hadde det godt her dei første vekene i livet sitt, saman med purkemammaen sin, alle søskena sine og kyrne.

        Men så ein dag kom det ein framand kar inn i fjøsen. Det var Johan, far til Ella og Asta, og han ville gjerne kjøpe ein grisunge av bonden på garden. Og dermed blei den vesle grisen løfta høgt opp i lufta, og plassert i ein trekasse. Johan takka for handelen, og bar kassen med seg ut og sette den på baksetet på den blå mopeden sin. Og den stakkars grisungen skjønte ingenting av det heile; ho var livredd. Som ein stukken gris hylte og skreik ho under heile kjøreturen, og roa seg ikkje før mopeden stoppa og ho kunne kjenne at nokon løfta kassen opp og begynte å gå.

         Så slapp grisungen endeleg ut av den trange kassen. Ho såg seg nyfiken omkring. Ho var komen i ein ganske stor binge, og når ho kika opp såg ho rett inn i augene på mannen som hadde henta ho. Ved sida av han stod det to småjenter; det var Ella og Asta. Alle tre smilte til den nye bebuaren på garden, og no kjente grisungen seg mykje rolegare. – Du skal heite Gyrid, sa Johan. Ella og Asta smilte og nikka. Så gjekk dei ut, og lukka fjøsdøra etter seg.

          Grisungen stod heilt stille. Ho høyrde nokre underlege lyder som ho aldri før hadde høyrt.

           – Bæ, bæ, bæ-æ-æ! sa det rundt omkring henne.

 Kva kunne det vere? Grisungen var svært nyfiken, og ville straks finne ut kvar lydane kom frå. Ho tok ivrig til med å skrape på veggane i bingen for å prøve og komme seg ut. Og sprek og lett på foten som ho var, så klarte ho jammen santen å komme seg over, og dette ned på fjøsgolvet på andre sida. Fem store dyr med masse kvit ull var synet som møtte henne. Bæ-æ-æ! brekte dei i kor då dei fekk auge på den vesle lyseraude krabaten, – og alle saman fekk straks den store sauestiren. Heldigvis var sauene fredelege, og Gyrid blei godteken med det same.

            Men Gyrrid kjente at ho allereie begynte å sakne dei store, varme kyrne ho hadde delt rom med. Desse skapningane var så kalde og kvite, og så laga dei så rare lydar, syntest ho. Gyrid hutra litt der ho stod på det kjølige fjøsgolvet.

             Akkurat då kom Johan inn att i sauefjøsen, og det første han fekk auge på var den vesle rømlingen. Roleg løfta han Gyrid opp og klødde henne litt bak øyret. Johan var svært glad i, og flink med, dyr, og han sette henne forsiktig ned i grisebingen. Han forstod at her måtte det nok ein høgare binge til for å halde den viltre grisungen “på plass” – og sette straks i gang med å snekre på eit ekstra plankebord.

           Så gjekk det ei natt og ein dag, og så klarte grisungen endå ein gong å komme seg ut. Og Johan måtte til med å snekre på nok eit plankebord.

       – Bæ-æ-æ, brekte sauene, som begynte å bli vant med den vesle villstyringen, og derfor heller ikkje stirra så mykje lenger.

       – Du er jammen sprek og spretten, du, sa Johan då han var ferdig med snekringa.

       – Nøff, nøff! grynta Gyrid fornøgd til matfaren sin.

       Men ikkje før var han ute av døra, før Gyrid igjen tok til å klore og streve med dei små griselabbane sine for å kome seg ut av den kjedelege bingen. Og sjølv om bingen no var meir enn ein meter høg, så klarte ho likevel – etter mykje slit og møye – enno ein gong å karre seg over. Ho datt ned som ein sekk på det harde fjøsgolvet. Sauene var ute og beita i det fine forsommarveret denne dagen, så det var dørgande stille i rommet. Gyrid reiste seg opp på dei korte, raudbleike beina sine, og såg seg litt fortumla omkring. Ho hadde fått seg ein liten smell i kroppen, så ho blei ståande heilt roleg ei god stund for å kome til hektene.

          Plutseleg oppdaga ho at det kom ei lysstråle inn over golvet. Fjøsdøra stod på klem! Kan hende hadde Johan tenkt at han skulle lufte litt i det fine veret. Eller kanskje han berre hadde gløymt å lukke døra etter seg då han gjekk? I alle høve stod fjøsdøra akkurat så mykje på gløtt at Gyrid såvidt klarte å presse den glatte, smidige grisekroppen sin ut gjennom døropninga. Og vips! Så var ho ute i det fri – for aller første gong! Det skarpe sollyset traff henne rett i trynet, så ho ein augneblink blei heilt blinda. Ho stod stille, løfta hovudet opp mot himmelen, og lytta. Ho kunne høyre ein sildrande lyd like ved (det var bekken), og nokre lyse, smektande tonar tett ved fjøsveggen (det var eit par måltraster som song av hjartans lyst i ei bjørk). Ellers var det heilt stilt.

              Men så, Gyrid spissa øyrene og la hovudet litt på skakke for å høyre betre; langt, langt borte ein stad kunne ho høyre nokre velkjente lydar. Det likna på, ja det måtte vere – rauting! Som på eit signal la ho på sprang mot dei forlokkande lydane. Oppover vegen bar det, over jordet og opp dei lange, seige bakkane – heilt til ho, svært andpusten, kom fram til eit beite. Og tenk, der var dei; kyrne! Dei store, rolege og trygge favorittdyra hennar.

             Gyrid kraup under det elektriske gjerdet, og la seg ende ned mellom alle dei herlege dyra som gjekk omkring og beita på det saftige graset. Det var så heimekoseleg. Her ville ho berre ligge og slappe av, nyte det fine veret og høyre på dei gode lydane kyrne laga.

             Men desse kyrne hadde aldri sett ein gris før, og dei klarte ikkje å slappe heilt av då dei fekk auge på Gyrid, som låg med attletne auge i det høge graset. Kva var dette for eit vesen? Var det farleg? Kyrne begynte litt uroleg og prate saman på kuspråket:

            – Å, kjære, vene Dagros. Kva er det som ligg der nede i graset? Trur du det er noko som kan bite?

            – Sanneleg om eg veit, Stjerna. Eg har aldri i mitt liv sett maken. Om den ikkje bit, så kan det i alle høve godt hende den kan stikke oss.

            – Ja, det trur eg nok sikkert at slike små vesen gjer, rauta Dokka høgt.

            – Eg trur at slike skapningar både kan bite, stikke og sparke, rauta bjøllekua Rosalin, og rygga nokre skritt bakover, heilt forfjamsa.

          Slik hissa kyrne kvarandre opp, og dei rauta høgare og høgare ut i den varme sommarlufta, – så hysterisk som berre kyr kan gjere det. Og ved sida av dei låg grisungen, lykkeleg i det varme graset, med trynet vendt opp mot den knallblå himmelen. All rautinga ho høyrde rundt seg var som balsam for sjela. Det kjendest som ho endeleg var komen heim. Ingenting i verda kunne måle seg med lyden av kyr, syntest Gyrid. Ingenting!

         Mens alt dette hende, stod kona på garden, som hette Maren, ute ved klesstativet like ved våningshuset, og hengte opp klede. Endeleg var det blitt så varmt og fint i veret at ho fekk tatt den store klesvasken, i trygg forvissing om at alle klesplagga snart ville bli tørre. Ho var så glad, både for dei reine kleda og solskinet, at ho nynna høgt for seg sjølv der ho stod.

          Men så stoppa ho brått. Kva var det for leven ho høyrde? Det var ei valdsam og høglydt rauting, og det kom frå beitet oppe i åsen. Frå hennar beite, og hennar kyr. Kva var det som føregjekk der oppe? Maren sleppte alt ho hadde i hendene og skunda seg opp bakkane til kyrabeitet. Og då ho fekk sjå grisungen ligge avslappa og fornøgd i det irrgrøne graset, midt mellom dei oppkava kyrne, slo ho hendene saman og ropte høgt: – Grisungen har rømt!

           Dessverre var det var ingen som kunne høyre ropa hennar, så ho måtte prøve å jage grisungen ned bakkane sjølv. Akkurat det skulle vise seg å bli enkelt. For då Gyrid fekk auge på bondekona, spratt ho opp og fór nedetter bakkane i ein forrykande fart. Ho ville absolutt ikkje bli fanga av kona, og enno ein gong bli sperra inne og vere mutters aleine i bingen. Og Maren sprang etter – ikkje fullt så fort som grisungen – men svært ivrig på å fange den vesle rømlingen.

          Gyrid nådde botnen av den bratte bakken på nokre få sekund, og fortsette i vill fart forbi fjøsbygningen, og vidare mot våningshuset. Maren kom halsande etter og ropte på dottera si så høgt ho kunne: – Ella, E-e-lla-a-a! Grisungen har rømt! Kom og hjelp!

           Ella, som nettopp hadde dekka på middagsbordet, kika ut vindauget og fekk seg eit syn ho aldri ville kome til å gløyme. Der fór mor hennar i fullt driv rundt hushjørnet, medan ho veiva med armane og ropte om hjelp. Eit par meter framfor henne sprang den hylande grisungen. Og like fortvila var dei begge to; Maren for at den nye grisen deira skulle stikke av, og grisungen for at ho atter ein gong skulle bli sperra inne med berre dei trasige sauane som selskap. Tre gonger fór dei rundt huset, før Ella kom seg ut og fekk sperra vegen for Gyrid. Grisungen var fanga.

             Ved middagsbordet snakka dei mykje saman om den villa flukta dei hadde vore med på denne dagen. Asta var nettopp komen heim frå 4H-klubben, og fekk høyre heile historia ho og. Johan sa ikkje så mykje, men han lytta nøye. Etter maten gjekk han sporenstreks opp i fjøsen for å sjå til den ulukkelege grisungen. Johan hadde eit stort hjarte for dyr, og hadde skjønt at her måtte noko gjerast.

           – Så du er så glad i kyr, du, godsnakka han med Gyrid, og klødde henne bak øyret. – Det må vi gjere noko med.

            Og så løfta han henne varsamt opp på armen sin. – Du skal få vere med opp i fjøsen du, kvar morgon og kvar kveld, når kyrne skal mjølkast.

             Slik hadde det seg at Gyrid to gonger om dagen blei sleppt ut av grisebingen, og lydig fulgte bonden opp dei smale trappene til fjøsrommet der alle dei sju kyrne stod mjølkeklare på båsane sine. Der oppe la ho seg godt til rette mellom dei, og høyrde på alle godlydane dei laga. Desse stundene var himmel på jord for Gyrid. Og Dagros, Stjerna, Dokka, Rosalin, Raulin, Fagros og Svartlin vende seg fort til at grisungen var der.

          Og Johan skrytte av Gyrid, og sa at ho var den aller beste grisen i verda til å gå i trapper.

Vi mottok 3 forskjellige og fine bidrag

De 2 neste vil presenteres i tilfeldig rekkefølge

Tusen takk for flotte noveller.

Sommerkjolen

av Elisabeth Thorsby

 

Det hvite kjolestoffet flagra lett i vinden. Foran på skjørtet var det vakre blomster i glade, sterke farger. Øynene mine blei stadig dratt i retning av den dype utringingen. Kjolen var fotsid, og den la seg mykt rundt beina dine. Den skapte kurver over baken din og svingte inn i livet. Den forma seg etter kroppen din, og jeg kunne ikke la være å stirre. Du stod på balkongen og kikka lengselsfullt utover hagen. Det var sein ettermiddag.

  Det lange, lyse håret ditt falt løst nedover skuldrene. Du var solbrun og gyllen i huden og sendte meg et varmt smil, fullt av glede og forventning. Sola steika, og jeg tenkte at solstrålene trengte inn i hele ditt vesen.

  – Veit du hvor fårete du ser ut når du stirrer sånn på meg, sa du og så fandenivoldsk på meg. – Lukk munnen din.

  – Unnskyld, svarte jeg skamfull.

  Jeg dro til meg blikket et sekund, men så smugkikka jeg på deg igjen, da du snudde deg og så utover mot elva.

  – Se der kommer det en båt, sa du og pekte mot vannet. – Jeg får så lyst til å bade når jeg står og ser utover vannet. – Vannet er sikkert varmt nå.

  Du snurra rundt på terrassegulvet, så lufta tok tak i kjolen og løfta den nedenfra. De slanke leggene dine kom til syne. På beina hadde du enkle skinnsandaler, og jeg så for meg at du kunne levd på sekstitallet. Du hylla sommeren med kroppsspråket ditt, og jeg ante hvordan energien din tok bolig i meg.

  – Kom så går vi ut i hagen, legger oss ned i gresset og ser opp på den blå himmelen, sa du. – Jeg vil ned til sjøen. Kanskje vi kan bade? Tror du det er varmt nok i vannet?

  – Okay, det høres deilig ut, sa jeg. – Ja, det er sikkert atten grader nå. Jeg tar med et teppe og noen håndklær.

  Du halte meg i armen, og vi deisa ut i gangen mens latteren vår ga gjenklang i veggene; du sendte meg flørtende blikk. Jeg slo den doble, hvite utgangsdøra på vid gap, og vi vandra sammen ut i solskinnet.

 

  Det var varmt, og jeg kjente svetten piple i panna. Vi fant en fin plass på gressplenen like ved elva rett ved siden av en syrin med lilla blomster; den parfymerte lukta gjorde meg ør. Du bretta ut et stort, blomstrete teppe, og vi la oss ned side om side. Lukta av gress kilte meg i nesa, og jeg nøys høyt. Du lo hjertelig.

 – Den blå himmelen gjør meg overvelda, sa du med undring i stemmen der du lå med nesa pekende mot himmelen. – Den er så uendelig stor. Jeg kunne ligge slik for bestandig å se på skyformasjoner og fantasere over hvilke dyr og figurer jeg ser. Ser du den sommerfuglen?

  – Mm, jeg ser den, og jeg ser en drage der borte, svarte jeg og pekte mot venstre. – Og himmelen har samme farge som øynene dine, veit du det? sa jeg og sukket.

  Du snudde deg mot meg og smilte avslappa. Ei humle suste dovent forbi hodet ditt. Sola skinte fra den lettskya himmelen. Hvite dotter av bomull innimellom alt det blå, ga et svalt avbrekk fra den intense varmen idet sola forsvant bak en og annen liten sky.

  Jeg betrakta deg stolt der du lå på teppet i gresset omgitt av gule løvetann. Du så ung og ubekymra ut. Du var så fin, og kjolen lå mykt omkring deg, og jeg tenkte at du elska den kjolen, for du hadde den på deg ganske ofte.

  – Kjolen er så behagelig å ha på seg, pleide du å si. – Den føles som et lett teppe, som forsiktig beskytter huden min.

  Du la deg over på magen.

  – Kil meg på ryggen, sa du.

  Jeg strøk fingrene og håndflaten forsiktig langs ryggsøylen din, og fulgte de buede kurvene ned mot rumpa di. Du ga fra deg et sukk.

  – Har du det bra? spurte jeg.

  – Ja, sånn passe, jeg er bare litt rastløs, svarte du og satte deg opp og plukket noen løvetann.

  Jeg lente meg tilbake og så på deg mens du bant en krans av blomstene. Rundt halsen hadde du et langt kjede, med et metallhjerte hvor det var gravert inn fem små ord:” all you need is love” stod det. Ordene traff meg. Jeg rynka øyenbrynene og festa blikket på hjertet. Kunne jeg gi deg det du trengte? undra jeg.

  Jeg løfta blikket og møtte øynene dine. Du plasserte kransen av løvetann på hodet, og den gule fargen lyste imot meg. Jeg så inn i de blågrønne øynene dine som så på meg med sitt direkte blikk. Men lenger bakenfor, skimta jeg undring, følsomhet, sorg, hemmeligheter og mystikk. Kan jeg nå inn dit? spurte jeg meg selv. Jeg kjente at jeg var klam på ryggen, og jeg så stjålent på deg. Du skakka på hodet og kikka rart på meg.

   – Er det noe galt? spurte du. – Du viker så anspent.

  – Nei da, svarte jeg fort. Alt er bra. Skal vi gå og bade? spurte jeg og reiste meg opp og dro t-skjorta over hodet og tok av meg shortsen.

  – Ja, det gjør vi, svarte du og rakk ut hånda og ba meg om å hjelpe deg opp. – Ser du hvordan det glitrer i vannoverflaten? spurte du entusiastisk.

  – Ja, vannet ser herlig ut, svarte jeg.

  Du førte stroppene på sommerkjolen ned langs skuldrene, og kjolen falt mot gressmatten uten en lyd; det myke kjolestoffet la seg i en sirkel omkring føttene dine. Jeg lot øynene hvile på den nakne kroppen din noen sekunder, og tenkte at du var enda vakrere uten kjolen på.

  Så løp vi over plenen og ned til brygga. Der klatret jeg ned badestigen og la på svøm. Vannet var kjølig og forfriskende. Du la kransen med løvetann på brygga og hoppa uti elva, kom svømmende mot meg, og jeg så hvordan håret ditt fløt omkring deg som en kappe. Når du tok svømmetak, skapte du sirkler i vannet foran deg. Noen måker fløy lavt over vannet, og jeg kunne høre hvordan sommerbrisen fikk det til å risle i sivet langs elvekanten.

  – Jeg elsker sommeren, sa du lykkelig. – La oss nyte denne sommerdagen til det fulle.

  – Jeg elsker deg, hvisket jeg lavt. – Og jeg elsker deg både med og uten sommerkjole.

 

Vi fikk denne mailen fra Lisa Ilje,13 år:

Heihei! 

Jeg har skrevet denne novellen til Sommermagasinet 2023. Jeg var med i Påskemagasinet da jeg var kun 9 år gammel, (2019) med novellen min «Den Bortførte Skulderen Til Orion». Etter at dere tok med novellen min i bladet, fikk jeg masse motivasjon til å fortsette å skrive. Jeg håper dere liker novellen min. 

Hilsen Lisa

Blod i elva

av Lise Ilje, 13 år

 

Jeg og Linn løp over den store åkeren mens den varme vinden blåste blafrende gjennom håret vårt. Sola skinte, og det var ikke en sky å se på himmelen. Det var en varm dag. Vi hadde gått rundt i store sommerkjoler hele dagen. Vi ventet besøk av familie. De var på vei helt fra Kristiansand. Jeg gledet meg spesielt til å se fetteren min, Fredrik. Jeg, Linn og han finner alltid på noe spennende å gjøre. Jeg og Linn er bare venner, men vi er veldig gode venner. Bestevenner kan man si. Vi er naboer, og har vært det hele livet. Vi er sammen nesten hver dag. «Førstemann over åkeren!», skrek Linn og begynte å løpe. Jeg løp etter Linn. «Middag!», sa mor. Vi løp opp til huset mitt og satt oss ned ved bordet. Det var en av de første gangene vi spiste ute i år. Det hadde vært en lang og kald vinter, men nå var endelig sommeren her. Far hadde grillet maiskolber fra åkeren. Det var det beste jeg visste. Linn elsket det også. «Til dessert er det nyplukkete jordbær fra gården ovenfor», sa mor. Jeg så på Linn og smilte. «Når kommer Fredrik?», sa jeg. «Vi er ikke helt sikre enda, men vi antar at de kommer i morgen til lunsjtider», sa mor. Jeg gledet meg kjempe mye. Jeg tror ikke jeg hadde sett fetteren min på ett år snart. Kanskje vi kunne fortsette på trehytta vi begynte på i skogen i fjor? Jeg og Linn hadde egentlig tenkt å fortsette på den etter at Fredrik dro, men vi fikk aldri gjort det, og hadde ikke vært der siden da.

Jeg lå på sofaen og leste et blad. Det var skumring og jeg begynte virkelig å bli trøtt. Jeg så at det lå rester av jordbærene på kjøkkenbenken. Jeg snek meg bort og tok en stor bit av et saftig jordbær. «Leggetid!», ropte mor. Jeg var 14 år gammel å måtte likevel legge meg tidlig. Det var kanskje likeså greit, så er jeg utvilt til å være med Linn og Fredrik i morgen.

Jeg våknet opp av at sollyset lyste på meg gjennom en liten glippe i gardinen. Jeg åpnet øynene og hørte fuglene kvitre. Jeg hoppet opp av senga og tok på meg samme sommerkjole som jeg brukte i går. Jeg gikk ned på badet og ordnet meg. Da jeg gikk inn i stua satt mor og far forskrekket og så på fjernsynet. «Så tidlig oppe dere er?», sa jeg forvirret. De svarte meg ikke. «Går alt bra?», spurte jeg. Ingen svarte. De stirret bare oppslukt inn i fjernsynet. Jeg gikk nærmere å så på skjermen. «Jente 16 år funnet død i natt», sto det på skjermen. «Gutt 19 år funnet død i dag tidlig», sto det under. «Det er en morder i bygda vår», sa mor forskrekket. «Morderen har ukjent gjemmested, men har blitt sett flere ganger i nærområdet», sa far. Jeg stirret på dem sjokkert. «Vi burde låse og lukke vinduene til enhver tid», sa mor strengt.  Hun kunne ikke mene det. Da kunne jeg ikke være ute med Fredrik og Linn. «Hvis du skal være med Linn og Fredrik i dag må dere være inne», sa mor. «La oss ikke overreagere. De kan fortsatt leke ute hvis de vil, vi er trygge i dalen her», sa far. Mor og far sto og diskuterte lenge. Dette kunne ødelegge hele sommeren min. «Du kan få lov til å leke ute, men hver forsiktig», sa mor endelig. «Tusen takk!», ropte jeg og klemte mor. Jeg satt meg spent ved vinduet og stirret ut. Jeg ventet, og ventet og ventet. Når skulle fetter komme?

Etter at flere timer hadde gått satt jeg i sofaen og sukket. «Far, hvor blir de av?», sa jeg. «Vi er ikke sikre enda. Politiet har stengt av dalen for inn og utreise. De må gjennom en lang kontroll for å komme inn», sa far. «Er det på grunn av morderen?», spurte jeg. Far nikket å så ned i avisen. Det banket på døra. Kunne det være dem? Jeg løp ned til inngangsdøren og åpnet. «Å ja, det er bare deg», sa jeg og sukket. «Hei til deg også», sa Linn og lo. «Har ikke Fredrik kommet enda?», sa hun. «Nei, de er nok forsinket», svarte jeg. «Det er sikkert på grunn av morderen», sa Linn. Jeg var ikke veldig redd denne morderen. Tror ikke Linn var det heller. Hva er sannsynligheten for at han tar akkurat oss? Vi bor jo tross alt i en ganske skjult del av bygda.

Linn og jeg gikk langs åkeren og plukket markjordbær da mor ropte på oss. «Jenter, de er her!!». Jeg kunne ikke tro mine egne ører. Var de faktisk her? Vi begynte å løpe mot huset. Jeg kunne se tante og onkel stå med de store koffertene sine. Jeg løp rett bort til dem å ga dem en stor klem. «Så stor du har blitt!», sa tante å lo. Jeg hadde ikke sett dem på ett år! «Hvor er Fredrik?», spurte jeg. «Rett her!», sa en stemme fra bilen. Der kom Fredrik ut. Han stirret på meg og Linn og smilte. Han hadde blitt sykt høy. «Fredrik!», sa jeg og Linn likt og ga han en stor klem. «Jeg har gledet meg mye til å se dere», sa han. «Dere brukte kjempelang tid hit!», sa Jeg. «Ja, de hadde stengt av dalen på grunn av morderen. Vi sto i kø i 8 timer for å slippe inn her», sa onkel sliten. «Men nå er dere her!», lo Linn.

Dagen gikk og vi hjalp Fredrik med å pakke ut. Linn, han og meg skulle overnatte på rommet mitt. «Kanskje vi skal prøve å bygge videre på trehytta i morgen?», sa Fredrik. «Ja, det må vi gjøre!», svarte jeg og Linn likt. Alle lo. Vi pakket oss under dynene og slukket lyset. «Natta!», sa vi til hverandre.

I dag ble jeg ikke vekket av sollyset som blendet meg, men av at Fredrik og Linn skremte meg. Jeg skrek høyt og begynte å le. Vi kom oss opp av sengene og gikk ut til stua for å spise frokost. «Hva er planene for i dag?», sa far. «Vi skal fortsette på trehytta», sa Fredrik mens han stappet ned en brødskive. «Greit, men vær nå forsiktige», sa far. Vi hentet materialer og gikk over jordet mot skogen. Etter en lang gåtur sto vi i den tette skogen og stirret på den halvferdige trehytta. Den så nesten brukt ut. Som om noen hadde vært der. Det lå hermetikkbokser, flasker og tepper der. Fredrik fant et tau og søppelposer også. Vi så redde og forvirret på hverandre. «Jeg går og ser om jeg kan finne noe mer», sa Fredrik og gikk lenger opp i skogen. Jeg og Linn satt oss ned ved et tre og ventet. Det gikk lang tid. Hvor ble han av? «Fredrik?!», ropte vi. Han svarte ikke. Etter at en time hadde gått løp vi tilbake for å hente hjelp. Når vi sa ifra hjemme, så vi at alle fikk et veldig bekymret fjes. «Dere må løpe i forveien og lete mer jenter! Vi tar på oss skoene og kommer etter», sa onkel og løp rundt og lette etter frakken sin. Jeg og Linn løp tilbake til skogen. Begge var redde. Vi fulgte en elv oppover i skogen. «Fredrik?», ropte vi. Hjertet dunket raskt. Jeg og Linn tok hånden til hverandre. Pulsen min hadde aldri vært høyere. Den eneste jeg kunne tenke på var morderen. Plutselig hørte vi et hyl. Et kaldt, skrikende hyl. «Fredrik», sa jeg. Det neste vi hørte var et høyt skudd. Jeg og Linn frøs til is. Det var helt stille. Jeg følte tårer i øyekroken. Vi sto der i flere minutter uten å tørre å bevege oss. Plutselig dultet Linn til meg. Jeg stirret på Linn forvirret. Hun skalv å peket forskrekket mot elva. Det var en rød veske som kom rennende ned med elva. Blod.

Heihei Lisa

Dette var kjempegøy

Novellen var spennende og skummel, og tegningen kjempefin. Du er veldig kreativ.

Endelig fikk vi lagt ut den supre historien fra 2019 også. 

Vi håper flere (i alle aldre) blir inspirert av deg, og at du fortsetter å skrive

Hilsen oss i Mediasenteret

Klikk her for å lese «Den Bortførte Skulderen Til Orion»

PS, vi har vi konkurranser fire ganger i året….
FRISTER:

Høstmagasinet 2023
Frist 19. september 2023

Julemagasinet 2023
Frist 14. november 2023

Påskemagasinet 2024
Frist ikke satt enda  

Sommermagasinet 2024
Frist ikke satt enda  

osv…

 

REGLER FOR SKRIVEKONKURRANSENE:

Novellene må ha henholdsvis ha “SOMMER”, “HØST”  “JUL”, “PÅSKE” som tema (avhengig av årstid)

Novellen må være på 5000 – 6000 tegn (inklusiv mellomrom).

Det vil si cirka 2 sider i en av våre fire sesongmagasiner

Send gjerne med et foto/­illustrasjon som vi kan bruke når vi legger ut novellen her på nettsiden, eller i bladet om du vinner. 

 

Vinnernovellen kommer på trykk i henholdsvis  Sommer-, Høst-, Jule- eller Påskemagasinet.

Vinneren vil bli honorert med kr. 1.000,- + heder og ære for bidraget sitt. Så send oss ditt bidrag.

(Kun vinneren vil bli kontaktet av juryen).

Noveller som ikke kommer i magasinet forbeholder vi oss retten til å publisere på våre nettsider.

Novellen leveres på mail til: post@mediasenteret.no  

(merk med henholdsvis : “Høstnovelle 2023”, “Julenovelle 2023”, “Påskenovelle 2024”…)

Skriv i tillegg

gjerne ditt navn og annen relevant informasjon

i selve dokumentet, 

da vi ikke har mail tilgjengelig

når noveller legges ut her på nettsiden. 

Juryen vil bestå av redaktør Ronny Nermo, frilansjournalist Hege Krogseth, mediakonsulent Hilde Westby og grafisk formgiver Christine Johannessen.

Frivillig støtteabonnementTegn et Frivillig støtteabonnementBestem beløpet selv

Du har nå lest en artikkel fra en av våre magasiner! Vi publiserer stadig nye artikler og utvider innholdet her på våre nettsider, i tillegg til de flotte magasinene vi distribuerer. Hvis du liker det du ser og leser setter vi pris på om du kunne tenke deg å tegne et støtteabonnement.

Dette kan du lese mer om ved i klikke på knappen under.